På fredag og laurdag må du ta turen til Husnes Storsenter for å få med deg spennande og trivelege Husnesdagar!

I tillegg til kjempegode tilbod i butikkane finn du salgsboder og stands på Torgplassen. Her finn du alt frå konkurransar, aktiviteter for barn, ballongar, hattar, grillmat, spekemat, pannekaker, mopedar, motorsyklar og eit stort utval av nye bilar.

Her finn du og ulike lag og organisasjonar, som byr på alt frå hesteriding, rock og dans, ansiktsmaling, kajakkpadling mm. Tradisjonen tro vert det og: Hoppeslott, Rodeookse, ZORB og Sentertoget som kjører rundt på Husnes og helikopterflyging både fredag og laurdag ved Opsangervatnet. Her kan du få en unik opplevelse av Husnes frå luften.

Det vil også bli småkonsertar med forskjellige Omstock artistar, og AMIGOS på dagtid, før det hele toppes med Omstock musikk festival eller “landsbyfest” som Trond Bettum vil kalla det, på kveldstid.
Ta turen til Husnes på fredag og laurdag, her skjer det noko for heile familien!